• NAF

    Vi mener at motorsportsanlegget er fantastisk positivt for hele regionen! Vi tror rekkevidden...

    Les mer …

  • Nord-Fron kommune

    Vinstra Motorsportarena blir eit idrettsanlegg for heile Gudbrandsdalen, og mellom dei beste...

    Les mer …

  • Norges Bilsportforbund

    Vinstra Motorsportarena blir et viktig anlegg. Uten anlegg ingen aktivitet. Så enkelt er...

    Les mer …

  • Norges Motorsportforbund

    Norges Motorsportforbund organiserer 20 ulike grener i Norges Idrettsforbund og er med sine...

    Les mer …

  • Norsk Motor Klubb

    Norsk Motor Klubb (NMK) ble opprettet i 1916 og nærmer seg 100 år. NMK er Norges største...

    Les mer …

Vinstra Motorsportarena blir eit idrettsanlegg for heile Gudbrandsdalen, og mellom dei beste arenaer for motorsport i heile Noreg.

Det blir eit nasjonalt anlegg med tilbod om mange ulike aktivitetar, innan ein idrett som det er stor og aukande interesse for. Nord-Fron kommune har i mange år støtta opp om arbeidet som er sett i gang for å realisere eit slik anlegg. Kommunen har mellom anna kjøpt grunn til anlegget og utarbeidd reguleringsplan for området. Stor innsats frå svært mange frivillige har nå ført til at dei fyrste delane av anlegget er klare til bruk. Vi ser nå at dette er ein arena som vil bli svært mykje brukt, og at den vil få kapasitet til store nasjonale arrangement. Vinstra Motorsportarena vil gi eit svært godt tilbod til mange, og Nord-Fron kommune ønskjer lykke til med det vidare arbeidet. Nord-Fron kommune ser fram til eit godt samarbeid med mange ulike aktørar, både offentlege og private, om realisering av eit svært viktig anlegg for Gudbrandsdalen. 

Olav Røssum
Ordfører Nord-Fron kommune